Holum trio

Holum Trio. Pressefoto.
Holum Trio. Pressefoto.
Laurdag, 24 januar, 2015 klokka 19:00

Fosnavåg konserthus

Holum Trio møttest på Noregs Musikkhøgskule tidleg 2011. Musikken utvikla seg fort frå å være streit jazz til å utforske krysninga mellom improvisasjonsbasert musikk og meloditeften i moderne pop.

Musikarane sin allsidige bakgrunn kombinerer element frå eit breidt spekter av sjangrar. Dei etterstrebar å skape musikk som er utadvendt og tilgjengelig men uforutsigbar og åpen.

 

Sidan sin første konsert hausten 2011 har bandet vore innom mange av Norges store jazzscener og festivalar, og turnert store deler av landet.

Sommaren 2013 spelte bandet inn si debutplate i Ocean Sound Recordings på Giske. Albumet “Heim” gis ut på Karl Seglems NORCD i januar 2015.

 

Albumet er inspirert av den vakre naturen og den unike atmosfæra på bandledarens heimstad på vestkysten av Noreg. Han vil at musikken skal opplevast som scenisk og landlig, og gjenspeile dei dramatiske og dynamiske omgivelsane på den norske kystlina.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: