Honningbarna og Razika

Fotokjelde: Fosnavåg konserthus
Fotokjelde: Fosnavåg konserthus
Torsdag, 23 april, 2015 klokka 19:00

Razika og Honningbarna er to unike band i den norske musikkscenen og har frå kvar sin kant av landet gjort seg bemerka dei siste fem åra.

Razika og Honningbarna legg ut på ein felles noregsturné i februar og spelar over 30 konsertar saman fram til slutten av april. Begge band er aktuelle med album tidleg i 2015 og vil feire dette med ein lang turné.

Idéen til turnéen kom då banda spelte saman på Love & Peace festivalen på Cuba sist vinter. Banda er store fans av kvarandre og har enorm glede over å kunne offentliggjere denne turneen. 

Razika og Honningbarna er to unike band i den norske musikkscenen og har frå kvar sin kant av landet gjort seg bemerka dei siste fem åra. Razika har blitt kjent for sin ska-pop med hits som ”Vondt i Hjertet”, ”Oslo” og ” Syndere i Sommersol”. Honningbarna spelar punkrock og kan vel seiast å vere ein av Noregs mest energiske liveband. Honningbarna har mange hits i sin katalog, som ”Fuck kunst (dans dans)”, ”Fri Palestina” og ”Borgerskapets utakknemlige sønner”

Fellesnemnaren for banda er den spesielle kommunikasjonen og fellesskapet med publikum. Begge har bygd opp ein stor fanskare som spenner frå små born til godt vaksne, og dei er definitivt blant dei banda som spelar flest fri aldersgrense-konsertar i Noreg. Denne turnéen blir ikkje noko unntak.  Utan banda sine dedikerte fans og fantastiske spelestader landet gjennom ville ikkje ein slik turné vore mogleg. No skal band, fans og spelestader bretta opp armane og jobba mot det som skal bli årets beste fest i 2015. 

Razika slepp nytt album 26. januar og Honningbarna følgjer på 4 dagar etterpå, den 30. januar. Den 23. april står dei på scena på Fosnavåg konserthus

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: