Hurtigruta på knappe to timar

Ola Bremnes. Pressefoto. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Ola Bremnes. Pressefoto. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 12 juni, 2015 klokka 20:00

Blandakoret Hemingen har fått med seg ingen ringare enn visesongaren Ola Bremnes når dei inviterer på tur med Hurtigruta - på Sjøborg.

Blandakoret Hemingen ynskjer å presentere kystkulturen vår og korleis kysten og naturen har inspirert til  så mange flotte songar og melodiar.

I samband med “Smak av Ulstein” held Ola Bremnes og Hemingen konsert på Sjøborg 12. juni. Her let dei Hurtigruta føra oss nordover frå Bergen til Kirkenes. Det vert landgang ei rekkje stader langs skipsleia med songar knytt til desse områda, eller diktarar som kjem derifrå.

Ola Bremnes bur i Kvæfjorden, rett nord for Harstad. Han er storebroren i søskentrioen Kari, Ola og Lars Bremnes og har gitt ut plater både i lag med søskena og på eiga hand. Han tykte prosjektet til Hemingen høyrdest spanande ut og takka ja då dei spurte om han ville bli med.

Ola Bremnes vil synge både solo samman med egne musikere og i samsong med Hemingen. Såleis håper koret å få til ein variert og nær kveld, sett saman av lokale amatørar og profesjonelle musikarar.

Mellom songane som vil bli framført er mellom andre «Har du fyr» og «Folk i husan». I tillegg får publikum høyre nye songar av Ola Bremnes som ikkje har vore framført tidlegare.

Sjølvsagt vert det eit stopp i Ulsteinvik, der fem av hurtigrutene vart bygde. Det vil også bli innslag under konserten av dei som i dag er leiarar ved verfta.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: