HVIT

Foto: Teatret Vårt.
Foto: Teatret Vårt.
Torsdag, 23 april, 2015 klokka 17:30

Gjensyn med HVIT – ei førestilling for dei aller minste.

Dei to venene Bomull og Rynke bur i ei skinande verd, omgjeve av kvite fuglekassar. Dei har på seg kvite klede, et kvit mat og med stor omsorg passar dei på dei kvite egga som kjem ned frå himmelen. Dei ser også til at verda held fram med å vere kvit og rydding. Ein sjeldan gong dukkar rampete fargar opp. Dei vert fjerna og kasta i bossbøtta med ein gong. Ein dag fell plutseleg ei raudt egg ned frå himmelen og snur deira lysande kvite verd opp ned, og snart dukkar det opp fargar over alt, gult….grønt…blått… lilla…

Hvit er ei leikande og høgst visuell førestilling, perfekt for eit første møte med teateret. Med fantasi, humor og innsikt viser historia oss korleis endringar og nye opplevingar på same tid vekkjer uro og motstand i oss, så vel som nyskjerrigheit, belønning og glede –uansett alder.

Barneteatret Vårt turnerte med førestillinga i 2012 til stor glede for store og små, og vi ser fram til å vise den på nytt til vårt yngste teaterpublikum.

Førestillinga passar for born i alderen 2-4 år.  

Av: Andy Manley
Regi: Andy Manley
Scenografi: Shona Reppe
Medvirkende: John Sigurd Kristensen og Jonas Delerun

Varigheit: 40 min
Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris 
Voksne kr 130,-
Born kr 130,-
For gruppebillettar (4 eller fleire), kontakt Servicetorget.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: