I forsommarens fang

Ann-Helen Moen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Ann-Helen Moen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Søndag, 29 mai, 2016 klokka 18:00

«I forsommarens fang» er ein ny konsertproduksjon spunne rundt dominikanarmunken Arnfinn Harams ekstraordinære liv og dikting

På konserten medverkar stjernesopran Ann-Helen Moen, pianist og komponist Odd Johan Overøye, bratsjist og performance-kunstnar Bergmund Skaslien og den svenske jazzgitaristen Martin Högberg. 

Det er Odd Johan Overøye som har leia dette prosjektet som hadde premiere ved Peer Gynt Galleriet i Stranda (Harams fødestad) 8. august 2013. Sidan har dei gjesta litteratur –og musikkfestivalar over heile landet; herunder Olavsfestdagene, Dei Nynorske Festspela, Bjørnsonfestivalen, Stangvikfestivalen, Musikk i Sandefjord kirke og fleire. Musikken er no også innspelt på plate. Den kom ut på Øra Musikk i april 2016. Her medverkar også TrondheimSolistene og ei rekkje gjestemusikarar.

Munk, samfunnsdebattant, skribent og lyrikar

Arnfinn Haram (1948 - 2012) var prior ved Dominikanarklosteret i Oslo, sylskarp skribent og samfunnsdebattant som naut stor respekt både til høgre og venstre i det politiske landskapet. Blant samarbeidspartnarar fann vi både filosofen Jan Henrik Syse og forfattaren Jon Michelet. Haram var spaltist i Klassekampen, Morgenbladet og Vårt Land, og ettertrakta foredrags-haldar landet over, herunder også gjest hos Skavlan.

 Ei mindre kjend side ved Haram er hans dikting. Likefullt vart utgjevinga av samlinga Babylonsk harpeposthumt i 2013 i pressa omtala som "haustens store overrasking og vesle sensasjon" (Vårt Land). Her er det trekt parallellar til store lyrikarar som Arnold Eidslott og Jon Fosse. Den svensk-polske regissøren Pawel Janicki har nyleg laga ein dokumentarfilm om pater Haram. Filmen er vist både på nrk 1 og nrk 2

Musikken

Det er første gongen desse dikta er vigd ein heilskapleg musikalsk produksjon. Målet har vore å skape eit musikalsk møtepunkt mellom profilerte utøvarar frå ulike formidlingstradisjonar. Det musikalske landskapet er ope og spenner frå den enkle vise til det gjennomkomponerte, med ekko både frå populærmusikken, modernisme og gregoriansk tonespråk. Med Harams sterke appell i eit breitt folkeleg, religiøst og politisk landskap, samt prosjektets musikalske tyngde, spissa av sopranen Ann-Helen Moen, har det allereie vore ei betydeleg interesse for produksjonen. 

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: