Ida Jenshus

Fredag, 2 november, 2012 klokka 20:00:00

Det blir knytta store forventningar til Ida Jenshus sitt tredje album som kjem i oktober. Første singel frå plata, Someone To Love, er i sommar A-lista på NRK P1 og fortel om ein artist som har vokst mykje sidan sist.

Meir utstrakt bruk av elektriske gitarar og tangentar, og store, åpne lydlandskap er stikkord som kan nyttast for å skildre forsmaken vi har fått på den komande plata. Albumet er produsert av Kåre Vesterheim som blant anna har produsert artistar som Marit Larsen og Odd Nordstoga.

25 år gamle Ida Jenshus frå Steinkjer har allereide mottatt Spellemannpris for begge sine foregåande plater, og ifjor blei ho også belønna med Bendiksenprisen, som er artistenes eigen pris. For andrealbumet No Guarantees utgitt i 2010 trilla Aftenposten terningkast 6 og skreiv at Ida Jenshus løftar norsk country til eit nytt nivå. Sjølv med ein særnorsk vri er No Guarantees ei plate av internasjonalt kaliber."

Ida Jenshus er ein allsidig artist som treffer bredt I fjor sommar toppa Ida plakaten på dei store countryfestivalane, samtidig som ho også gjesta festivalar som Øya og Norwegian Wood der ho delte scene med The Eagles! Begge Ida`s tidlegare album har vore bestselgarar. Ørsta kulturhus er stolte av å presentere Ida for folket i oktober!

Stad
Teatersal
Adresse
6150
ØRSTA
Kommune: