Ingrid Bjørnov - "Bare Bjørnov"

Ingrid Bjørnov. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Ingrid Bjørnov. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Torsdag, 15 september, 2016 klokka 19:30

Vi er svært stolte av å kunne setje ein av Noregs aller fremste artistar på scena i Storfjord Kulturhus. Konserten er eit ønske frå givarane av det nye flygelet i kulturhuset, Norsk Sjømat Holding AS.

Ingrid Bjørnov er Norges leiande humorpianist. Ho har underhalde i Norge i 35 år, først som popartist i duoen Dollie, seinare som musikalkomponist og kapellmeister.  Dei siste 15 åra som musikalsk standup-artist, programleiar og forfattar.

Ingrid Bjørnov spelar klassisk musikk baklengs. Ho gurglar «O mio bambino caro» i original toneart, og ho påstår at Benny Andersson og Edvard Grieg er ein og same person. Ho står bak fire prisvinnande og svært suksessrike soloshow, tre bøker, to soloalbum, og fire – snart fem musikalar. Ho er fast innslag i «Herreavdelingen» på NRK P1 – der eit av dei mest stilte spørsmåla er: «Har Ingrid vore?». Ho er aktiv kåsør og skriv jamnleg for andre. Men aller mest syner ho ein enorm musikalitet som alltid tek publikum med storm.

Bill. kr. 425,-

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: