Ingvard Wilhelmsen: Sjef i eige liv

Ingvard Wilhelmsen. Fotograf: Kristin Torsteinsen.
Ingvard Wilhelmsen. Fotograf: Kristin Torsteinsen.
Onsdag, 11 oktober, 2017 klokka 19:00

Ingvard Wilhelmsen kjem til Ulstein, med foredraget "Sjef i eige liv". Eit foredrag om å ta ansvar for eigne holdningar, følelsar og adferd. Arrangementet i oktober er ein del av Ulstein kommune si markering av Verdsdagen for psykisk helse. Nytt arrangement i februar 2018.

Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til det som skjer bestemmer vi sjølv. Ingvard Wilhelmsen tek opp våre holdningar til oss sjølv, grubling og bekymring, usikkerheit og risiko, fortid og framtid.

Wilhelmsen anbefalar folk om å ta gleder på forskot. Om det ikkje slår til, har ein iallfall hatt den gleda, og slår det til, blir det dobbelt glede. På den andre sida advarar han mot å ta sorger på forskot; det blir ofte spelt energi.

Billettar
Arrangementet 11. oktober er utsolgt. Vi legg difor ut eit nytt arrangement tysdag 13. februar, med billettar i sal frå onsdag 23. august kl 09.00.

Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 150,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: