Jarle Andhøy - foredrag

Jarle i Antarktis. Pressefoto.
Jarle i Antarktis. Pressefoto.
Onsdag, 4 september, 2013 klokka 19:00

Vi er svært glade for å kunne presentere eit av arrangementa til årets Brandalsdagar, og håper publikum tek godt imot arrangementet! Torsdag 5. september gjestar eventyrar og ekspedisjonsleiar Jarle Andøy Ishavsmuseet Aarvak i Brandal med foredrag.

Jarle Andhøy er ein godt kjent seilar og eventyrar med mange ekspedisjonar bak seg. Andhøy kjem frå Larvik. Allereie som 19-åring reiste han ut i verda med ein 27 fots Albin Vega. Seinare har det blitt mange ekspedisjonar både til havs og til lands og fleire bøker og tv-seriar om disse. Sist no i vår med tv-serien «Tangeruddampen».

22. februar 2011 vart Andhøy og resten av mannskapet erklært sakna etter at det vart fanga opp naudsignal frå seglbåten «Berserk». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på å få telefon- og radiokontakt med båten, før Jarle Andhøy og 18 år gamle Samuel Massie kom seg i sikkerheit ved Scott-basen i Antarktis.

Jarle Andøy vil snakke om sine polare ekspedisjonar på Ishavsmuseet. Desse er det fleire av:

Åleine rundt Kapp Horn:Dette var Jarle Andhøys første ekspedisjon. Målet var å segle rundt Kapp Horn utan hjelp frå nokon andre. Amerikaneren David Mercy mønstra på Berserk ved verdens ende, i Sør-Amerika og segla til Antarktis. Deler av seilasen har også blitt filmatisert.

Berserk mot Nordpolen:Besetninga på Berserk drog frå Oslo, innom Shetland og nordover mot Svalbard og Nordpolen. Alex Rosen som i fjor gjesta Ishavsmuseet med foredrag var mønstra som kokk på denne ekspedisjonen.

Berserk gjennom Nordvestpassasjen: Berserk segla i Nordvestpassasjen i dei norske polarheltane sine fotspor. Før denne turen var Albin Vega skifta ut med ein noko større seglbåt i stål kjøpt på dei vestindiske øyer.

Berserk på sydpolen:Jarle Andhøy saman med fire andre mann drog i februar 2011 på ein ekspedisjon mot Sydpolen.

Med desse ekspedisjonane har Andøy rita namnet sitt inn i Norsk Polarhistorie, og Ishavsmuseet er svært stolte av å kunne ha han med show om bord i ishavsskuta Aarvak.

Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og i samarbeid med Brandal Vel. Og som Alex Rosen i fjor, får Andøy æra av å opne Brandalsdagane.

Det vert førehåndssal av billettar på www.sjoborg.no og på Ishavsmuseet frå i dag.

Billettar:
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (mån-fre 08-16, tlf 70 01 75 00) og på Ishavsmuseet Aarvak (ope kvar dag 12-16 i mai og september, 11-17 i juni, juli og august).

Billettprisar:
På dekk/VIP kr 500,-
På dekk/VIP med selkjøtgryte kr 600,- (mat etter showet)
Ordinær kr 250,-
Ordinær med mat kr 400,- (mat etter showet)

NB! Dersom du ynskjer VIP-billett, vel du "salen" som heiter Ishavsmuseet På Dekk under.

Dersom du ynskjer selkjøtgryte, bestiller du dette på Ishavsmuseet, på telefon 70 09 20 04.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: