Jazz & Koral

Søndag, 4 november, 2012 klokka 20:00

Jazz & Koral er tilbake. Jazz & Koral hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt. Denne var svært vellukka og Jazz & Koral må kunne kallast ein suksess etter fleire vellukka kyrkjekonsertar i Ulsteinvik, Spjelkavik, Fosnavåg ,Larsnes og Valderøya.

No er Jazz & Koral klar for ny konsert i Ulstein kyrkje søndag 4. november. Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar. Etter at Oddbjørn Blindheim flytta austover har Jazz & Koral henta ny pianist i vår eigen lokale Peter Demirov. Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let dei to svært ulike instrumenta kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkningar av nokre av våre mest kjære salmar. Resultatet er variert – noko er så vart som svartestilla medan andre gongar vert det mektig, inderleg, suggerande og rått med fuzzgitar og full pedal på orgelet.

Merete Brandal Godø syter for vokalnummera i konserten. Merete har lang fartstid som vokalist og meistrar både det sakrale i salmar og sjelfull song i jazz, soul og gospelsjangeren.

Bertil Tødenes og Jan Thormodsæter utgjer denne gongen kompet i Jazz & Koral.

Konserten vil bli ei reise frå det sakrale til det mektige, frå Hovdebygda til New Orleans, og vil gje rom for både glede og ettertanke .

Stad
Ulstein Kyrkje
6065
Ulsteinvik
Kommune: