Jazzkafè - Kurt Sagens Jazz Kvartett

Kurt Sagen Jazz Kvartett, Pressebilete: Flan Booking. Kjelde: Storfjord Kulturhus.
Kurt Sagen Jazz Kvartett, Pressebilete: Flan Booking. Kjelde: Storfjord Kulturhus.
Laurdag, 2 juni, 2018 klokka 13:00

Vi avsluttar kultursesongen i Storfjord Kulturhus med ein sjeldan jazzkafe i Allmenningen. Øl og vin, kaker, kaffi og brus - OG IKKJE MINST: Strålande Vintage Jazz med Kurt Sagen Jazz Kvartett, som hadde sin første konsert i februar 2017.

Det var på Thon Hotel i Ålesund i regi av Jazzsirkelen. Konserten vart ein suksess, og jazzkafeen drog fullt hus denne laurdagen.

Dette er eit jazzband som har god gammel swingjazz og latinjazz på repertoaret.
Melodiane er med hensikt valde for at folk som har levd ei stund skal føle at dei er på heimebane, og at godfoten automatisk heng med. Det einaste som er nytt blir difor sounden og måten bandet arrangerer låtane på.

Som mange andre, så har også dette bandet førebilet...e som dei hentar inspirasjon og idear frå.
Her nemner vi den verdskjende trekkspelaren «Art Van Damme «og vår Lokale helt «Rangwald Weddegjerde» som døydde altfor tidleg. 

«Kurt Sagen Kvartett» har same instrumentsamansetjing som Weddegjerdes kvartett på 80-talet hadde. Sagen prøver å gjenskape noko av sounden til Weddegjerde og Art Van Damme med denne kvartetten.

Gitarist Kurt Sagen har valt fra øvste hylle i det lokale jazzmiljøet då han fekk med seg Einar Longva på trekkspel, Svein Hunnes på kontrabass og Carlos Alberici på trommer.

Repertoaret vil som sagt være dominert av eviggrøne melodiar frå swingjazzepoken, og med høg gjenkjenningsfaktor for folk flest.

Bill. kr. 100,-

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: