"Jeanne d`Arc" Juni Dahr

Fredag, 5 oktober, 2012 klokka 21:00:00

Jeanne dArc vart fødd under Hundreårskrigen mellom England og Frankrike (1337-1453).

Da ho var 13 år tok ho til å høyre røyster som ho meinte kalla henne til ei stor oppgåve: å hjelpe Charles VII til å bli krona konge i Frankrike. Desse røystene skulle komme til å leie henne gjennom resten av hennar liv.

Jeanne dArc talar til oss også i dag. Hennar liv er ei utfordring til oss alle. Dette er eit drama om den absolutte lidenskap. Om ei kvinne som er så trufast mot sitt eige, brennande bodskap at ho ofrar alt for det ho trur på.

Stykket «Jeanne dArc visjon gjennom eld» byggjer på originale tekster og på Jeannes eigne ord frå rettsdokumenta. Ho vart klaga for å vere heks og kjettar og dømd til døden på bålet i 1431, 19 år gammal.

Fakta om forestillingen

- «Joan of Arc Vision through fire» ble utvikla i New York av Juni Dahr & John Morrow
- Urpremiere The Wall and Boyd Theater Los Angeles i 1988.
- Gjendikta til nynorsk av Halldis Moren Vesaas.

Stad
Eksterne teatre
Eksterne teatre
6025
ÅLESUND
Kommune: