Jo Nesbø og Lars Jones

Jo Nesbø. Pressebilete. Fotokjelde: ID-Huset.
Jo Nesbø. Pressebilete. Fotokjelde: ID-Huset.
Laurdag, 7 september, 2019 klokka 20:30

Endelig får vi besøk av sjølvaste Jo Nesbø og Lars Jones! Det blir ein fabelaktig konsert med kjende sangar og artige historier som høyrer til. Vi trur at dette blir ein historisk kjekk kveld her på Ingebrigt Davik-huset.

JO NESBØ slo først gjennom som låtskrivar og vokalist i popbandet Di Derre. Med seks albumutgivelsar og landeplagar som Jenter og Rumba med Gunn (1-2-3) er dei sjølve definisjonen på lyden av norsk 90-tallspop. Jo Nesbø har også hatt ei aktiv solomusikerkarriere, med kassegitar rundt halsen og bassist Lars Jones ved si side. Han har viare skreve seg inn i litteraturhistoria som ein av verdas fremste krimforfattarar med kriminalserien om privatetterforskaren Harry Hole.

Det som starta som ein eingongs-happening har etterkvart blitt ein duo der Jo Nesbø fortel historier og spelar saman med multi-instrumentalist Lars Jones. Tanken var å anrette nokre forteljingar så enkelt som mogleg, ved å bruke det ein har for handa: Ein gitar, ein bass, eit munnspel og to stemmer. På ein god kveld trengs ikkje meir for å skape latter, ettertanke og nærleik.

LARS JONES er ein ettertrakta musikar både live og på plate, og har samarbeida med blant andre Anne Grete Preus, Dronning Mauds Land, Grethe Svensen og Di Derre. Han har også gitt ut soloalbumet Raindrops to the Desert (1996).

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: