John Pål Inderberg trio

John Pål Inderberg Trio. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
John Pål Inderberg Trio. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Onsdag, 26 april, 2017 klokka 19:30

Saxofonist og professor ved jazzlinja ved NTNU i Trondheim, John Pål Inderberg, kjem med sin trio og sin sans for eit spontant musikalsk uttrykk til Fosnavåg konserthus.

Inderberg kombinerer mange stiluttrykk mellom anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar og hans sopran- og barytonsaxofon kan høyrast på ei lang rekke plateinnspelingar. Han er kjent for langt samarbeid med Henning Sommero, men musikalsk spenner samarbeidet frå Lee Konitz til Øystein Dolmen. 

Då Edvard og May-Britt Moser fekk Nobelprisen i medisin, vart det laga ein musikkvideo der Inderberg spelte saxofon, det vart improvisert over ein norsk folketone og teksta var ord og fraser frå Mosers forsking.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: