Jonas Fjeld

Jonas Fjeld. Pressebilete.
Jonas Fjeld. Pressebilete.
Fredag, 6 februar, 2015 klokka 20:00

Jonas Fjeld er år i 2015 aktuell i TV2 suksessen ”Hver Gang Vi møtes” og skal saman med Silje Nergård, Bjarne Brøndbo, Lene Nystrøm, Inger Lise Rypdal, Thom Hell og Onkel P hylle kvarandre sine låtar gjennom 7 program .

Jonas Fjeld er også kjend for sine mange vellukka samarbeid med andre artistar i både inn- og utland. Kven hugsar ikkje samarbeidet med Eric Andersen og The Band-legenden Rick Danko. De laga to album saman med høgdepunkt som Fjeld sin ”When morning comes to America”. Samarbeidet med Ole Paus og deira ”To Rustne Herrer”, skulle vere kjend for dei fleste. Dei leverte festframsyningar over lange perioder på det ærverdige ABC-teateret i Oslo. Avlidne Hilde Heltberg, har også prega LIVE uttrykket til Jonas Fjeld gjennom mange år, og heilt til ho døydde. Ho er djupt sakna.

I 2012 fylte Jonas Fjeld 60 år, og ga samtidig ut samlealbumet ”40 år på veien- 60 år i livet” – som resulterte i ein portrettdokumentar på NRK TV og konsert i programserien Studio 1. Utselde konsertar og høge listeplasseringar med albumutgjeving har talt sitt tydelige språk på kor stor pris publikum set på Jonas Fjeld. 

I vinter turnerer han med band, og stadfestar ein over 40 år lang karriere som en av landets mest folkekjære artistar og låtskrivarar. Dei siste åra har utgjevingane kome tett, og seld til både gull og platina.

På vegen:

Jonas Fjeld – gitarer. Vokal

Birger Mistereggen – trommer, perc, munnharpe, vokal

Finn Tore Tokle – bass, vokal

Ben Basgård – gitar, vokal

Ole Jørn Myklebust – trompet, vokal

Tor Magne Hallibakken - Teknikar

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: