ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Jonathan Kreiseberg frå New York er i dag rekna som ein av dei viktigaste og mest banebrytande gitaristane i jazzen
Allereie som svært ung turnerte han med levande legender som Joe Henderson, Michael Brecker og Red Rodney!
Kreisberg sitt gitarspel blir omtalt som "tidlaus melodi, djup harmonisk forståing, eit totalt rytmisk overskudd og intrikate og moderne linjer som tek pusten frå publikum". Til Fosnavåg kjem Kreisberg saman med ein av dei største legendene innan New York-jazzen, nemlig pianisten David Kikoski.
David Kikoski kom til New York på 80-tallet etter eit opphald ved ´Berkley College of music´. Han har turnert med musikarar som Roy Haynes, Randi Brecker, Bob Berg og Mingus Big Band. Å få høyre han i denne samanheng med Kreisberg blir ei oppleving utan om det vanlige.
Ellers i bandet har vi bassist Rick Rosato og trommeslagar Colin Stranhan. Dei er begge utdanna ved prestisjetunge ´New School for jazz and contemporary music´ i New York og er nokon av dei mest ettertrakta jazzmusikarane i dag. Vi ser verkeleg fram til å få slik storbesøk til Herøy
Dato | Kva |
---|---|
19 Mai |
Thomas Seltzer og den amerikanske drømmen Herøy kulturhus |
28 Mai |
Siril Malmedal Hauge - "Slowly, slowly" Herøy kulturhus |
29 Mai |
Den Lille Stemmen med Trine Lise Olsen Herøy kulturhus |
12 jun |
Arild Andersen Group Herøy kulturhus |
03 jul |
Herøyspelet Kongens Ring Herøy kulturhus |
03 jul |
Herøyspelet Kongens Ring Herøy kulturhus |
04 jul |
Herøyspelet Kongens Ring Herøy kulturhus |
04 jul |
Herøyspelet Kongens Ring Herøy kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no