Jorun Marie Kvernberg og Norvald Dahl sammen med Havella

Jorun Marie Kvernberg og Norvald Dahl sammen med Havella. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Jorun Marie Kvernberg og Norvald Dahl sammen med Havella. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 25 mars, 2017 klokka 19:30

Salte slåttar med Jorun Marie Kvernberg, Norvald Dahl og Spelemannslaget Havella med forsterkingar

Det er duka for ein festkveld når Jorun Marie Kvernberg og Norvald Dahl tek for seg av slåtteskatten frå ytre Sunnmøre saman med unge talent. Jazzpianist og fosnavågar Norvald Dahl sin farfar og namnebror stod sjølv midt i tradisjonen, med store spelemannsnavn i sin næraste krins. Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg har dedikert seg til sjangeren, og inspirerer mange unge med sine nyskapande arrangement og utadvendte formidling av tradisjonsmusikken. Spelemannslaget Havella blir forsterka med andre unge talent frå fylket, og saman vil dei gje publikum fargerike lysglimt frå vår lokale, musikalske fortid.

Jorun Marie Kvernberg er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spellemannprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike Edvard-prisen (TONO) for komposisjon i sjangeren folkemusikk. Ho er sentral i fleire av Noregs fremste folkemusikkgrupper, som i den prisvinnande felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra og i duo med Gabriel Fliflet. Dei siste åra har ho også dyrka solospelet, og fått stor respekt for sin lysande, kraftfulle tone, sitt sceniske nærver og djerv musikalsk nyskaping.

Norvald Dahl byrja si musikalske karriere som elev i Herøy Musikkskule. Han vaks opp i ei familie med mykje song og spel. Bestefar med samme navn komponerte, onklar og tanter kunne sin gang på enten fele eller piano. Norvald har sidan studert jazz i både Stavanger og Trondheim og flytta til Bergen der han i ti år jobba som musikar og pianolærar. No bur han i Oslo og studerer master i utøvande jazzpiano. Dahl har dei siste åra leia fleire spanande prosjekt med både norske og utanlandske utøvarar. Til dømes hans eigen kvartett, med den prisbeløna amerikanske jazzsaksofonisten Jon Irabagon, vitja Fosnavåg Konserthus i fjor vinter.

Spelemannslaget Havella er ei gruppe talentfulle unge musikarar leia av Andrine Longva Kopperstad ved Herøy Kulturskule. Laget er aktive i lokalmiljøet og ynskjer å spreie spelegleda, gjerne i samspel med andre spelemannslag. Våren 2016 arrangerte Havella ein flott konsert i samarbeid med artisten Alexander Rybak. No samlar vi unge musikarar til konsert i samanheng med Fylkeskappleik for folkemusikk i Møre og Romsdal. Etter kulturkvelden vert det anledning til å bli med vidare i dansen, med musikk frå lokale spelemannslag. Velkommen til festkveld. 

Prosjektleiar og produsent: Jorun Marie Kvernberg

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: