JUBILEUMSKONSERT

Laurdag, 26 april, 2014 klokka 17:30

JUBILEUMSKONSERT ØRSTAKORET 75 år 1939-2014

Jubileumskonserten vert leia av Anders Roald som også har laga tekst og melodi til opningssongen, «Ørstakorsongen» – arrangert av Bård Dahle. Koret syng i 3 avdelingar.

Første delen inneheld mange gamle songar. Rasofiel Rise, Johan H. Grimstad og Peter Eiken er med i denne avdelinga.

Andre delen har eit lettare repertoar, representert ved t.d. Vamp med «Liten fuggel». Ein annan song som Ørstakoret er spesielt glad i og syng med stor kraft og glede er «Carmela».

«You`ll Never Walk Alone», i dag mest kjend som fotballhymne, spesielt for fotball-laget Liverpool. Elvis og Frank Sinatra m.fl. har spesielle versjonar av denne songen.

Tredje delen opnar med « Slavekoret frå Nebukadnesar» eit mektig og kjent verk, fleire verk av Svein Møller vil også publikum få glede av.

Som avslutningssong syng koret «Nu solen går ned», folketone frå Ørsta etter Karen Sandvik. Alf K. Vatne er solist.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: