Jubileumskonsert - Sjøborg 10 år

Sjøborg kulturhus opna dørene for første gong i juni 2007. Foto: Sjøborg Kulturhus.
Sjøborg kulturhus opna dørene for første gong i juni 2007. Foto: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 17 juni, 2017 klokka 19:00

Sjøborg kulturhus opna dørene for første gong i juni 2007. Sidan den gong har vi hatt over 400 ulike arrangement, over 7500 kinoframsyningar og snart ein halv million besøkande.

Jubileumskonserten 2017 blir ein fest! Her blir det både gjensyn og gjenhøyr med store augneblikk, ein «år-hundrets sensasjon», pur unge og litt aldrande røyster, nydelege gitarriff, lokkande fiolintonar, ein tuba i gallopp, klokkeklare sopranar og ikkje minst ein stjernetenor i verdsklasse.

Detaljar om programmet følgjer etter kvart!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 320,-
Born (opptil 16 år) kr 240,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: