Jul i Blåfjell

Jul i Blåfjell. Foto: NRK.
Jul i Blåfjell. Foto: NRK.
Onsdag, 16 november, 2016 klokka 18:00

Mange vart lei seg då «Jul i Blåfjell» forsvann frå TV-skjermane. Men no kan heile familien igjen samlast i blåtimen når Victoria Productions reiser på turné med ei full teateroppsetning med ein av dei mest kjende og kjære førjulstradisjonane vi har.

Her møter vi Blånissane i månaden før jul. Mykje skal gjerast og gamle tradisjonar haldast i hevd. Men er alle tradisjonane verdt å ta vare på? Og kva med gamle Erke? Kvifor oppfører han seg så rart? Er det savnet av Tufsa eller kan det vere noko meir? Skjuler nokon seg i Kvisthulen? Kan Blånissar og Raudnissar nokon gang bli vennar? Og kvifor i alle dagar driv nokon og kastar søppel i Blåfjell?

Dette vil den kloke og modige lille blånissejenta Turte finne ut av. Og Turte kan ordne opp, hun går der kor ingen andre tør å gå og tenker tankar ingen andre i Blåfjell tør å tenke. Vil Turte klare det? Ta med heile familien på denne spennande, morsame og stemningsfulle forestillinga og finn ut!

 Varigheit ca. 1 time og 45 min. inkludert  pause

 

 Idè og manus: Gudny Ingebjørg Hagen

 Musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud

 Regi: Bjørn Sæter

 Scenografi: Per Olav Austdahl

 Produsent: Victoria Productions AS

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: