Jul i Blåfjell

Jul i Blåfjell. Pressefoto. Victoria Productions. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Jul i Blåfjell. Pressefoto. Victoria Productions. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 8 november, 2018 klokka 18:30

Basert på NRK sin julekalender «Jul i Blåfjell»

 

Idè og manus: Gudny Ingebjørg Hagen, musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud.

Mange blei lei seg då «Jul i Blåfjell» forsvann frå TV-skjermane. Men no kan heile familien igjen samlast i blåtimen når Victoria Productions reiser på turné med ei full teateroppsetjing med ein av dei mest kjende og kjære førjulstradisjonane vi har.

Her møter vi Blånissane i månaden før jul. Mykje skal gjerast og gamle tradisjonar vert haldne i hevd. Men er alle tradisjonane verd å take vare på? Og kva med gamle Erke? Kvifor oppfører han seg så rart? Er det saknet av Tufsa eller kan det vere noko meir? Skjuler nokon seg i Kvisthula? Kan Blånissar og Raudnissar nokon gong bli vennar? Og kvifor i alle dagar driv nokon og kastar søppel i Blåfjell?

Dette vil den kloke og modige lille blånissejenta Turte finne ut av. Og Turte kan ordne opp, ho går der kor ingen andre tør å gå og tenkjer tankar ingen andre i Blåfjell tør å tenkje. Vil Turte klare det? Ta med heile familien på denne spennande, morosame og stemningsfulle framsyninga og finn ut!

Varer ca. 1 time og 45 min. inkludert  pause

Idè og manus: Gudny Ingebjørg Hagen

Musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud

Regi: Bjørn Sæter

Scenografi: Per Olav Austdahl

Produsent: Victoria Productions AS

Basert på NRKs julekalender 'Jul i Blåfjell': produsert av NRK

Ide og manus Gudny Ingebjørg Hagen, musikk Geir Bøhren og Bent Åserud

Fjernsynsregi: Torunn Calmeyer Ringen, kostymer: Gerd Johnsrud,,scenografi Aili Strømsted.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: