Jul på Herøy

Søndag 22. november kl. 14.00-18.00 ynskjer vi velkomen til «Jul på Herøy». Inngongsbillett: Familie kr. 200,- enkeltbillett kr. 50,-
Søndag, 22 november, 2015 klokka 14:00

Velkomen til ei stemningsfull førjulsstund!

Kystmuseet byd på julepynta stover, kafé med sal av rjomegraut, pølser, vaflar, kaffe og te, samt og levande julemusikk i bestestova.

Sentralt i tilskipinga står aktivitetar kring om i museumstunet som englejakt (ta med lommelykt!), baking, laging av julepynt i papir og laging av skosmurning. I stabburet kan du vere med på lesestund for heile familien.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Herøy kystmuseum og kulturavdelinga i Herøy kommune.

Det blir skilta til parkering frå fylkesvegen.

Inngongsbillett: Familie kr. 200,- enkeltbillett kr. 50,-

Stad
HERØY KYSTMUSEUM
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.