Jul på Nordmør

Kyrkje. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kyrkje. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gro Kjelleberg Solli. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gro Kjelleberg Solli. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskomm
Søndag, 7 desember, 2014 klokka 19:00

Møremusikargruppa «Fjord og Fjell» har saman med folkesongaren Gro Kjelleberg Solli utforma og arrangert eit utval folketonar frå Nordmøre. Dette er tonar som alle har tilknyting til jula på ulike vis, og blir no spelt ulike stader på Nordmøre fram mot jul.

Nordmøre har ein flott songskatt som musikarane ynskjer å ta inn i notida, der dei likestiller den tradisjonelle songstilen med meir moderne klangar og instrumentering. Det vil også bli presentert nye komposisjonar, i ei blanding som forhåpentlegvis sett publikum i ei god førjulsstemning.

Fleire konsertar
Den første konserten finn stad i Tingvoll kyrkje 6.desember, før turen går til Ålvundeid kyrkje 7.desember og Edøy kyrkje på Smøla 14. desember.
Fjord og Fjell, som er knytt til Møre og Romsdal Fylke si musikarordning Møremusikkarane, har heldt til i Sunndal sidan 1992. Gruppa har vore delaktige i mange konsertar, teaterframsyningar og annan kultur. I 2013 gav dei ut plata «Sneis», som markerte deira 20-årsjubileum som gruppe. «Fjord og Fjell» består av Peter Wergeni på saksofonar, Jo Inge Nes på trommer, Øystein Sandbukt på gitarar og Audun Skorgen på bass.

Songaren Gro Kjelleberg Solli er frå Angvik i Gjemnes kommune, no busett i Os i Østerdalen. Ho har utdanninga storfag folkemusikk frå Høgskulen i Telemark (Rauland), og har i tillegg studert ved Noregs Musikkhøgskule. Vokalmusikken på Nordmøre har ho tileigna seg gjennom opptak, notar og levande kjelder.

Saman vil musikarane gi ei unik førjulsoppleving, med folketonar frå vårt eige distrikt.

 

 

 

 

Stad
Sunndal kulturhus
Auragt. 2
6600
Sunndalsøra
Kommune: 
Tema: 

Kommentarar

Eg er eitt av barnebarna til Erik K. Sjømæling, Eg er 82 år, bur på Orkanger.
Ein gong for mange år sidan fann eg ei opplysning på folkebiblioteket i Trondheim om at min farfar hadde samla inn noen religiøse folketonar frå Øre på Nordmøre.
Kjenner du til at min farfar hadde gjort noe slikt arbeid?

mvh
Olav

Hei!

Har du en epostadresse Olav? Vi videresender din forespørsel til Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Dei har eit arkiv dei kan sjå i. Mvh Kulturnett Møre go Romsdal v/Jan Aakvik 70165186

Hei!

Vi har fått følgande svar frå Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal; 

I boka "Nu rinner solen opp", Ola Bræin og Henning Sommerro står det to viser etter Erik Sjømæling: "Hjælp, Gud at nu kunde" og " Vreden din avvende”. Utover dette kan jeg ikke se at vi har noe her. Jeg har snakket med folkemusikkarkivet i Trondheim og de kan heller ikke finne noe, men skal lete videre.

Det beste er kanskje å snakke med Ola Bræin og Henning Sommerro.

Mvh

Kulturnett Møre og Romsdal v/Jan Aakvik 70165186

Sider