Julefergå med Brattvåg Janitsjar

Julefergå med Brattvåg Janitsjar. Fotokjelde: ID-huset.
Julefergå med Brattvåg Janitsjar. Fotokjelde: ID-huset.
Laurdag, 5 november, 2016 klokka 18:00

Bli med Brattvåg Janitsjar og dirigent Terje Tafjord om bord i Julefergå!

Korpset har laga sin eigen lokale vri på den kjente adventsforteljinga til Brazz Brothers, og dette er ein oppfølgar til urpremiera på ID-huset to år tilbake.

Du vil igjen få møte ferjemannskapet Wenke, Trond og Roger, maskinisten og skipperen, samt dei tre karane på havbotn i det forliste skipet «El Mañanas».

Brazz Brothers har sjølve arrangert musikken til korpset, og denne gongen har vi med enda fleire ny-komponerte songar, samt fleire humoristiske scener som publikum kan kjenne att frå serien.

Brattvåg Janitsjar lover fengande musikk, herlege rytmar, spenstig skodespel og mykje humor.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: