Julegrantenning og adventsfest

Søndag, 27 november, 2016 klokka 17:00

Tradisjon tru markerer Brattvåg Skulekorps 1. søndag i advent med lystenning av julegran i parken i Brattvåg etterfulgt av adventskafe på Brattvåg Bedehus. Vi ynskjer alle våre sambygdinger velkommen til dette koselege og tradisjonsrike arrangementet i bygda vår. Korpset vil spele kjente juletonar i parken. På bedehuset får du kjøpt brus, kaffi og kaker. Og sjølsagt har vi tombola i år også :-) Vel møtt!

Vil oppfordre folk til å bli med å gå i lystog til bygdeparken. I år vil det ikkje bli seld faklar, men folk kan sjølvsagt ta med sine eigne. Ungane synest det er kjekt med lommelykter.

Fakkel/lystoga startar å gå kl.16.30 frå:
Brua i instevågen, Fjellbu og krysset på Synnaland.

Stad
Brattvåg
Kommune: 
Kategori: