Julejazz m/ jam - Big Odd Band 20 års jubileumskonsert

Big Odd Band. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Big Odd Band. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Søndag, 28 desember, 2014 klokka 19:30

Det er ikkje til å tru, men det er altså 20 år sidan dirigent Odd Fossum starta storbandet Big Odd Band, med ungdomar frå Sunnmøre.

Ikkje veit vi kor mange som har vore med i det flotte storbandet gjennom alle desse åra, men mange av dei kjem til Stranda i romjula for å vere med på ei fantastisk markering av dette "jubileet".

I tillegg til dei som spelar fast akkurat no, vil det heilt sikkert dukke opp "gamle stjerner" frå heile den lange historia til bandet - sjølvsagt også lokale heltar frå Stranda, Sykkylven og resten av bygdene kring Storfjorden.

Her nyttar det ikkje å sitje heime! Kjøp billett til eit av årets absolutte høgdepunkt i Storfjord Kulturhus!

Bill. vaksne kr. 275,- born kr. 175,-

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: