Julekonsert Garness

Garness. Pressebilete.
Garness. Pressebilete.
Laurdag, 13 desember, 2014 klokka 19:00

Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad framfører både gamle kjære og nyskrevne julesongar med leikenheit og stort engasjement, og lagar saman med bandet sitt eit spennande, rikt og stemningsfullt lydbilete. Sjølv spelar dei gitarer, mandolin, klokkespel, autoharpe og perkusjon. I bandet har dei med seg Torjus Vierli på tangentar og vokal, Thomas Gallatin på trommer og vokal, og Tor Egil Kreken på bass, banjo og vokal. 

Lille julaften i fjor gjorde duoen seg bemerka med ein timelang julekonsert på NRK1. Konserten, som også innehaldt fleire opptredenar med spennande gjesteartistar, fekk usedvanleg mykje positiv respons og blei det nest mest sette TV-programmet i løpet av jula. 

Ingelin og Hildegunn skreiv sine første songar som 5-åringar, og har stått på scena like lenge. Dei har opptrått i TV-program som Absolutt norsk, Beat for Beat, Kjempesjansen og Kronprinsparet sin julekonsert. Dei er også kjend frå samarbeid med Marit Larsen, Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Elvira 

Nikolaisen og Oslo Gospel Choir, i konsertsammenheng, på innspelingar og på TV-skjermen. Duoen har ellers også gitt ut albumet The Good or Better Side of Things. 

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: