Julekonsert med Beate Lech & Tolvtetten

Beate Lech. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Beate Lech. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Torsdag, 10 desember, 2015 klokka 19:30

I 2014 laga Beate Lech sitt første julealbum saman med SKRUK med namnet HØGTIDSROM. Saman med det lokale koret Tolvtetten vart konserten også framført i Fosnavåg konserthus, og det skjer på nytt i år.

Det er ei sakral stemning over det heile. Ingen av julesongane handlar om snø eller nissar. Ho utnyttar dynamikken som ligg i ensemblet - frå det heilt vare og skjøre til det brusande og dundrande. På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre romet, der sårbarheita og åpenheita bur. Og då kan alt skje. 
I tillegg til kor og sin eigen soliststemme har ho også med seg eit beståande av Andreas Bye på trommer, Marius Reksjø på bass og Andreas Ulvo på piano. 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: