Julekonsert med Skodje Blandakor og gjestar

Laurdag, 15 desember, 2012 klokka 19:00:00

Julekonsert med Skodje Blandakor og gjestar vert å år arrangert på Gomerhuset, Skodje, den 15. desember kl. 19.00. Gjestane er søstrene Eli Marita Håker Holm og Heidi Bjermeland Håker. Det blir eit variert program med både tradisjonelle og nye julesongar. I pausen og etter konserten fram til kl 24.00 vert det sal av øl, vin, snacks og andre forfriskningar i kafeen på Gomerhuset.

Skodje Blandakor med dirigent Marc Labruijere har i haust arbeida med eit nytt og spanande program til årets julekonsert. Dei tradisjonelle julesongane vil framleis framstå i tradisjonell drakt, medan dei nye songane og litt meir utradisjonelle varierer frå det heilt sarte til dei med litt meir fart og humor i.

Det vert først ei avdeling med Skodje Blandakor som syng tradisjonelle julesongarsongar. Deretter vil Eli Marita Håker Holm og Heidi Bjermeland Håker ha ei avdeling, før koret igjen kjem på banen med eit nyare og litt meir utradisjonelt repertoar.

Både i pausen og etter konserten vert det høve til å kjøpe både øl, vin, snacks mm i kafeen på Gomerhuset. Her vil vi forsøke å halde fram den gode julestemninga som vi vonar publikum vil få med seg frå konserten.

Alle er hjarteleg velkomne til ei flott førjulsoppleving.

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: