Julekonsert med Ulstein storband og vokalistar

Ulstein Storband. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Ulstein Storband. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Laurdag, 19 desember, 2015 klokka 18:00

Laurdag 19. desember inviterer Ulstein Storband til stor julekonsert med ei rekkje lokale artistar. Det blir julestemning på amerikansk vis med stort orkester og flotte arrangement. Alle låtane er kjende og kjære. Mange av dei kjem frå det meir tradisjonelle julerepertoaret, medan nokre er blitt kjende gjennom popartistar. Vi har fin spreiing av stemningane, alt frå det sarte og stille, til full fart med sving og fengande rytmar.

Ulstein Storband er i storslag for tida under leiing av instruktør Øyvind Granden Berg. Låtane vi skal framføre i år har svært gode arrangement for storband og kling særs godt og det teikna til å verte ein storkonsert.

Vokalistar i år vert Oddlaug Grimstad Arnesen, Margit Lovise Holte, Andre` Leikanger, Monica Goksøyr, Øyvind Granden Berg, Even Sævik og Kaja Rode.

Vi gler oss hemningslaust og håper du vil ta deg ein tur og la deg rive med i fengande og vakker julemusikk framførd av våre dyktige lokale artistar!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpriskr 200,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå måndag 26. oktober kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: