Julekonsert -Oslo Gospel Choir

Laurdag, 15 desember, 2012 klokka 19:30

Oslo Gospel Choir m/ Maria Haukås Mittet til julekonsert i Herøyhallen.

Oslo Gospel Choir og Maria Haukås Mittet gjorde ein utruleg flott konsert i Herøyhallen før jul i fjor. Spesielt Maria Haukås Mittet viste ei sida av sitt solisttalent som vi sjeldan har fått oppleve, og OGC viste igjen at dei høyrer til verdseliten.

No har vi endå ein gong greidd å kapre desse verdsstjernene, og vi gler oss alle til desember att då vi håper på suksess endå ein gong.
Oslo Gospel Choir har ved fleire høve gitt uttrykk for at dei trivast veldig godt i Herøyhallen saman med over 1000 publikumarar som sessar seg kring den oppbygde scena der ei fin lyssetting og eit flott lydbilete har skapt ei veldig flott ramme rundt julekonserten.

Kulturavdelinga ynskjer å gjenskape dette endå ein gong og inviterer igjen til julekonsert med Oslo Gospel Choir. I tillegg har dei som nemnt endå ein gong invitert med seg grand Prix-vinnar Maria Haukås Mittet.

Konserten er lagt til Herøyhallen for at vi skal kunne gje tilbodet til flest muleg. Arrangør og lydfirma har planlagt ei rekkje grep for at dette skal verte ei stor oppleving for alle. Over ferien startar billettsalet på www.heroy.kulturhus.no og hos N.H. Lied i Fosnavåg, så ynskjer du å tidleg sikre deg billett, så er det berre å hive seg rundt om ikkje lenge.

Oslo Gospel Choir blei grunnlagt i 1988 av Tore W. Aas, som framleis er leiar av koret. Koret, som er kjent i heile Europa, og er kanskje heile Norden sitt mest kjente gospelkor, har sidan 1988 gitt ut over 20 album og songe med fleire kjente artistar, som Calvin Bridges, Andraé Crouch, Sigvart Dagsland, Tommy Körberg og Sissel Kyrkjebø. Ein av koret sine mest kjente produksjonar, er musikkmessen Gloria (1996) som består av musikk komponert og arrangert av Tore W Aas, med sterke innslag frå norsk folkemusikk. Koret var bestselgande norske artist på 90-tallet, med over 1 million selde CD`ar.

Vi gler oss alle til ei endå ei stor oppleving i Herøyhallen.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: