Julenattine 2012

Laurdag, 22 desember, 2012 klokka 19:00
Laurdag, 22 desember, 2012 klokka 22:00

Så er det klart for årets lokale dugnads-/storarrangement i ulsteinkyrkja . Julenattine i Ulstein kyrkje har år etter år samla fulle hus, og er kjent for sin musikalske kreativitet, kvalitet, nyskaping og truskap mot julens bodskap.

Også i år vil programmet bestå av gamle og nye juletonar i ny og spennande innpakning.

Medverkande songsolistar blir: Truls Håbakk, Arnhild Bjerkvik, Bror Magnus Tødenes, Kari Aske Osnes, Oddlaug Grimstad Arnesen, Arnt Ole Grimstad, Iver Olav Grimstad, Ingfrid Grimstad, Ingrid Nerhoel, Einfrid Grindheim, Ingrid Runde, Rune Sæter og Ståle Rasmussen.

I år får vi også diktlesing ved Jan Ove Ulstein.

Orkesteret består mello anna av Øyvin Sønnesyn (bass/piano), Jan Thormodsæter (bass/piano) , Ivar Thormodsæter (percusjon) og Ståle Helvig (organist)

I år har vi også vore heldige og fått med Ålesund Strykekvartett.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris:Voksne kr 230,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke

Billettsalet startar måndag 3. desember kl 09.00.

Stad
Ulstein Kyrkje
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: