Julenattine 2015

Julenattineen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Julenattineen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Tysdag, 22 desember, 2015 klokka 19:00
Tysdag, 22 desember, 2015 klokka 22:00

Så er det klart for årets lokale dugnads-/storarrangement i ulsteinkyrkja . Julenattine i Ulstein kyrkje har år etter år samla fulle hus, og er kjent for sin musikalske kreativitet, kvalitet, nyskaping og truskap mot julens bodskap.

Også i år vil programmet bestå av gamle og nye juletonar i ny og spennande innpakning.

Medverkande  songsolistar blir mellom anna:  Marte Barstad, Oline Aksnes, Birgitte Vik Wymer, Mia Constance Årdal, Rak Marie Hatløy, Olav Grimstad Arnesen, Trude Håkonsholm, Chris Masters, Einfrid Grindheim, Stig Grimstad, Tomas Håndlykken, Vegard Knardal m.fl.

Orkesteret  består mellom anna av Øyvin Sønnesyn (piano), Jan Thormodsæter (bass/piano) , Fred Michael Knotten (percusjon), Kåre Lystad (gitar), Ståle Helvig (organist), Anders Dalhaug (trombone), Runa Husøy (saxofon) og Pål Andre Worren Grimstad  (trompet), Knut Elias Barstad (tuba).

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 260,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Husk å printe billetten din før du kjem i kyrkja. Dersom du ikkje har printer heime, kan du printe billetten i Servicetorget ved Ulstein rådhus eller i Kinokiosken.

Billettar i sal frå fredag 20. november kl 09.00.

Stad
Ulstein kyrkje
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: