Juleoratoriet

Juleoratoriet. Kjelde: Ålesund kommune, Kultur.
Juleoratoriet. Kjelde: Ålesund kommune, Kultur.
Laurdag, 10 desember, 2016 klokka 19:00

J. S. BACH – JULEORATORIET 2016

1. Innleiing

Snakkar vi om Johann Sebastian Bach, så snakkar vi om den største komponisten som den europeiske musikkhistoria kjenner til. Hans verk samlar all kunnskap i musikkutforming og teologisk skrifttolking etter Martin Luther sin teologi, samtidig som det har ein stor emosjonell djupne og spennvidde. Mange stykke har blitt «klassikarar» som folk elskar å høyre på.

Livsvegen hans var sterkt knytt til trua. Han byrja som organist i Arnstad, ein liten by i Thüringen, den tyske delstaten der han vaks opp. Deretter var han i Mühlhausen (organist), Weimar (hoffmusikar) og Köthen (hoffmusikar). Den siste stillinga hans er den som dei fleste av oss musikkelskarar hugsar best: Kantor i den berømte St. Thomas-kyrkja i Leipzig. Her skreiv han størsteparten av verka sine for solistar, kor og orkester.

I åra 1734 og 1735 komponerte han eit av sine mest populære verk – Juleoratoriet.

Juleoratoriet samlar seks kantatar under eit tak. Kvar kantate er tiltenkt sin spesielle dag i juletida. Dei tre første kantatane vart framførte på dei første tre juledagane, den 4. kantaten på nyttårsdagen, den 5. kantaten på første søndag etter nyttår og den 6. kantaten på Heilage tre kongars dag.

I våre dagar er dei første tre kantatane dei mest framførte. Dei fortel heile juleevangeliet etter Lukas: Frå keisar Augustus sin ordre om å ta manntalet, fram til Jesu fødsel og hyrdingane og englane som kom til stallen i Bethlehem.

Dei siste tre kantatane, som altså er dei som sjeldan vert framførte, fortel om dei Heilage tre kongar og om kong Herodes som fryktar for makta si etter at verdsens frelsar blei fødd.

2. Tradisjon

Sidan 2008 har Volda kyrkjekor gjort det til tradisjon å framføre dei første tre kantatane før jul. Dermed følgjer koret ein tradisjon som ein finn mange stadar i den delen av Europa som er knytt til den evangelisk lutherske kyrkje. Til dømes er det heilt vanleg å høyre på Juleoratoriet i dei store byane i Tyskland i førjulstida.  Publikum strøymer til kyrkjene, og det kan vere vanskeleg å finne ein ledig plass om ein kjem litt seint.

Volda er ingen stor by, men har likevel utvikla seg til ein stad med ein slik tradisjon. Det kan Volda vere veldig stolte av! Det er ei stor hending som samlar mange aktørar og som mobiliserer krefter og energi. Samstundes vert julebodskapen forkynt på ein unik måte, og vi feirar lyset som har kome inn i mørkret. Det set publikumet veldig stor pris på.

3. Aktørane

Volda kyrkjekor har fått med seg Spjelkavik kyrkjekor som samarbeidspartnar. Dei to kora starta sitt samarbeid i 2012. Sidan då har dei framført Juleoratoriet i både Volda og Spjelkavik kvart år.

Arbeidet med framføringa startar kvart år i slutten av oktober. Då byrjar kora å jobbe med dei store, krevjande korsatsane, og dei fine, melodiøse koralane. Etter kvart blir det organisert ein dag med fellesøving i Spjelkavik kyrkje. Ein dag før den første konserten i Volda samlast orkesteret til ei ekstraøving i Volda kyrkje. Der er også solistane på plass. På konsertdagen samlast alle aktørar til øving, generalprøve og konsert i Volda kyrkje. Denne dagen krev full konsentrasjon og  kondisjon. Neste dag er det kort øving og konsert i Spjelkavik kyrkje.

Solistane kjem frå Sunnmøre og er godt kjende i dei lokale musikkmiljøa. Sidan samarbeidet med Spjelkavik kyrkjekor starta, har vi hatt med oss Ragnhild Eide Akslen (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Tøge Talle (tenor) og Alf K. Vatne (bass). Eit år hadde vi med oss Lisbeth Lislevatn (alt) i staden for Ragnhild Engeset og Dirk Hauenschild i staden for Tøge Talle. Ola Eide, kantor i Spjelkavik, har vore fast organist i framføringane, mens Bert Handrick, kantor i Volda, dirigerar konsertane.

Strykarar til orkesteret vert rekrutterte i lokalmiljøet. Der har vi dyktige folk som dels er profesjonelle og dels gode amatørar. I tillegg kjem blåsarar som vi diverre ikkje har så mange av i nærområdet, og som difor må hentast frå Oslo eller Trondheim. Dei siste åra har vi, nesten alltid, hatt den same besetninga. Det har skapt kontinuitet og auka kvalitet.

I 2014 fekk vi terningkast seks i avisa Sunnmørsposten.

4. Vårt mål: 500 års-jubileum i 2017 for Martin Luther sin reformasjon.

I 2014 starta dei to kora å øve inn dei resterande kantatane som vi ikkje hadde framført før. Den 4. kantaten vart så vart framført i 2014, og den 5. i 2015.

For 2016 har vi sett den 6. kantaten på repertoaret. Då har alle medverkande studert inn heile Juleoratoriet!

I 2017 skal ”heile verda” feire 500 års-jubileum for den lutherske reformasjonen. Vårt erklærte mål er då å framføre heile Juleoratoriet. Volda kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor har bestemt seg for å bidra med ei firedagars framføring av alle kantatane til Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium. Planen er å ha framføringar i Volda kyrkje, Herøy kyrkje, Spjelkavik kyrkje og Ålesund kyrkje.

Stad
Volda kyrkje
Kommune: