Jungelboken

Jungelboken. Foto: UL FRAM
Jungelboken. Foto: UL FRAM
Søndag, 1 september, 2013 klokka 17:00

UL FRAM si juniorgruppe sparkar haustsesongen i gong på kulturhuset med eiga oppsetting av musikalen Jungelboken.

I denne forteljinga møter vi menneskeguten Mowgli, som har vakse opp saman med ein ulveflokk. Ulvemora Raksha passer godt på dei, saman med panteren Baghera og bjørnen Baloo. Det er mykje farleg som lurer i jungelen. Der er den sleipe pytonslangen Kaa, dei galne og vimsete apene med sin apekonge og sist, men ikkje minst, tigeren Shere Khan med sine to hjelparar hyena Tabaqi og gribben Lulu. Er det FOR farleg for Mowgli å vere her? I jungelen er det Jungelens Lov som gjeld. Menneskjer er mat og er til for å etast! Dei sterke vinn vanlegvis over dei svake. Men ulvane og hjelparane deira står saman mot dei vonde, ein for alle, alle for ein....

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: