Juryen

Juryen - Dans med barn. Foto: Riksteatret
Juryen - Dans med barn. Foto: Riksteatret
Fredag, 27 februar, 2015 klokka 18:00

Dans for barn-Juryen
Av Hege Haagenrud.

Kva skjer når barna får bestemme?

To dansarar dansar til vakker musikk og blir avbrotne av barnestemmer som seier: ”Kva er det de gjer?” ”Vi skjønnar ingenting.” Barna i videoen stansar framsyninga og seier: ”Sidan vi er barn og dette skal vere ei barneframsyning, må vi få vere med på å bestemme kva ho skal handle om.” Herifrå må dansarane gjere som barna seier. Trur du dei klarer å lage den optimale framsyninga?

Juryen er ei underhaldande framsyning for både barn og vaksne. Barna er kanskje dei som ler mest og høgast!

”Juryen tar barnas parti, men får dem også til å tenke over hva de ønsker seg av en forestilling og hva som gjør en forestilling god.”
NRK

 ”Introduserer dans for barn på en skikkelig kreativ måte”

Scenekunst.no, blogginnlegg

Juryen er laga av Hege Haagenrud. Ho arbeider i landskapet mellom dans og teater, og produksjonane hennar har vore blant dei mest spelte framsyningane for barn og unge dei siste åra. Juryen engasjerer på glimrande vis og får oss til tenke over kva slags framsyningar barna eigentleg vil sjå.

Varer: 35 minuttar (ingen pause). Passar for barn frå 6 år.

Opplev meir: 
Bli med på å lage flashmob (fellesdans) for små og store i foajeen i kulturhuset før framsyninga. 
Vi tilbyr workshop med dansarane i framsyninga. Tilbodet gjeld for grupper som skal sjå framsyninga. Påmelding via www.riksteatret.no.

Dansarar Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad. Koreograf, scenograf og lysdesignar Hege Haagenrud. Komponist Rebekka Karijord. Lyddesignar Erik Hedin. Dramaturg Mads Sjøgård Pettersen. Video Hege Haagenrud og Vibeke Heide. Produsert av Hege Haagenrud. På turné med Riksteatret. Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Fond for utøvande kunstnarar og Spenn.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: