KALVØ

Are Kalvø. Pressefoto.
Are Kalvø. Pressefoto.
Laurdag, 6 februar, 2016 klokka 19:00

- Ein time av livet ditt du aldri får tilbake. Humorshow av og med Are Kalvø – så langt sett av 20 000 på Det Norske Teatret! Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

 

Intens jakt
Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø
leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske,
politikarar, idrettssjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband,
i tillegg til ein ny gjest kvar kveld.

Finn han svaret?
Ikkje godt å seie, men han har tenkt til å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut
i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquizar og kanskje- viss alt anna slår feil- i dans.
Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets gåter skjult i tala om 
tidsbuk. Kanskje sjølve meininga med livet.


Speletid: 1 time og 30 minutt (ikkje pause)

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: 
Tema: