Kalvø

Are Kalvø. Pressefoto.
Are Kalvø. Pressefoto.
Søndag, 7 februar, 2016 klokka 18:00

- Ein time av livet ditt du aldri får tilbake.

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT

Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld.

FINN HAN SVARET?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

--

«Are Kalvø stiller i en helt egen humordivisjon»

Aftenposten

«En forestilling å få med seg»

VG (5)

«De best anvendte 90 minuttene hvis man vil more seg»

Dagsavisen

--

Av Are Kalvø. Regissør Erik Ulfsby. Musikkansvarleg: Ståle Sletner. Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen. Projeksjonar: Raymond Stubberud og Nikolai Bergstrøm. Lysdesignar: Ole Randers. Dramaturg: Ola E. Bø. Manusinnspel fra Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø og Erik Ulfsby.

 

Søndag 7. februar 2016 kl 1800, Hovshall.

ordinærpris: 395,- [Billetter]

Stad
Sunndal kulturhus
Auragt. 2
6600
Sunndalsøra
Kommune: