KALVØ - ein time av livet ditt du aldri får tilbake

Are Kalvø. Pressefoto.
Are Kalvø. Pressefoto.
Torsdag, 14 april, 2016 klokka 19:00

Stand Up Norge AS i samarbeid med Riksteatret presenterer ei framsyning produsert av Det Norske Teatret og Are Kalvø:

«KALVØ  - ein time av livet ditt du aldri får tilbake»

Heilaften humorshow med Are Kalvø - så langt sett av over 25 000!

KVA NYTTAR DU TIMANE I LIVET DITT TIL?

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT

Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld.

FINN HAN SVARET?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

KUNSTNARLEG LAG

• Regissør: Erik Ulfsby
• Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen
• Lysdesignar: Ole Randers
• Musikkansvarleg: Ståle Sletner
• Dramaturg: Ola E. Bø
• Manusinnspel: Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø
• Projeksjonar: Raymond Stubberud, Nikolai Bergstrøm

BAND

• Piano, m.m.: Ståle Sletner

NOMINERT TIL KOMIPRISEN 2015!
- ÅRETS SCENEFORESTILLING (VINNER!)
- ÅRETS STAND-UP KOMIKER
- ÅRETS MANNLIGE SCENEKOMIKER

«En forestilling å få med seg» - terningkast 5 i VG
«Gapskratting med tårer i øynene» - terningkast 5 i Bergens Tidene
«Se Are Kalvø i høst!» - terningkast 5 i Bergensavisen
«Are Kalvø stiller i en helt egen humordivisjon.» - Aftenposten

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpriskr 400,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: