Kari Bremnes

Kari Bremnes. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Kari Bremnes. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 14 november, 2015 klokka 19:00

Etter eit år med fokus på konsertframsyninga "Når du kommer dit", er Kari Bremnes og bandet no tilbake på klubb- og kulturhusscenen. Vi er glade for å kunne ønske velkomen til Fosnavåg konserthus

Kari har aldri hatt eit større publikum enn no. Ho har skreve songar halve livet, vore artist enno lenger, og gjennom åra har ho nærast utvikla sin eigen sjanger. Kjernen er alltid nærleiken til folk og historiane rundt liva vi lever. Storheita og trivialitetane.  Teatersamarbeidet "Når du kommer dit" resulterte i 28 utsolgte hus og svært gode kritikkar. 

På novemberturneen kjem Kari og bandet med ein miks av nye songar og songar som har truffet folk før. Med eit ønske om å gi publikum noko kraftfullt, åpent og direkte.

Med seg på turnéen har ho:

Børre Flyen - trommer
Sondre Meisfjord - bass
Børge Petersen-Øverleir - gitar
Bengt Hanssen - tangenter
Geir Østensjø - lyd

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: