Kari Svendsen:Alle tiders-50år med banjo, viser og tullball

Kari Svendsen. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Kari Svendsen. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 11 februar, 2016 klokka 19:30

Ein rykande fersk jubileumskabaret rett frå Oslo Nye Teater og ut på turne! Her får Kari vist sitt sanne komiske talent og sitt musikalske mangfald.

Ho meistrar revyvisa med glimt i auget og også dei sarte og melankolske visene. Så må det seiast at ho har med seg ein gjeng sprudlande medmusikantar som er med på å løfte framsyninga til dei heilt store høgder. Ho trollbind publikummet sitt med eit godt utval av låter som speglar av hennar karriere gjennom dei siste 50 åra. Ho syr det heile saman med fine introduksjonar. Aldri sarkastisk, ikkje over streken. Humoren og sjølvironien er berre herleg.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: