Karius og Baktus

Karius og Baktus. Tegning: Torbjørn Egner. Kjelde: Riksteatret.
Karius og Baktus. Tegning: Torbjørn Egner. Kjelde: Riksteatret.
Onsdag, 28 november, 2018 klokka 18:00

Ikkje gjer som mora di seier!

Gjer deg klar til å møte to energiske små karar som tek innersvingen på både liten og stor. Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus - tru mot Thorbjørn Egner si historie og garantert godt barneteater. 

Thorbjørn Egner sin barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og fortellinga om dei to rampete tanntrolla lev i beste velgåande.  Fortellinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen. Skremselspropaganda eller ikkje, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vera dei rike bokillustrasjonane til Egner, NRK-høyrespel og Ivo Caprino sin velkjende dokkefilm.

"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes"

VG (terningkast 5)

Gap opp!

 

Høver for barn frå 3 år.

 På scenen: Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse.

Regissør: Arne Lindtner Næss. Scenograf: Einar Dahl. Dokkedesignar: Christine Stoesen. Komponist: Christian Hartmann. Produsent: Emnet Kebreab

Framsyninga varer i 35 minuttar (ingen pause).

 Produsert av Riksteatret. Forlag: Songbird

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: