Karius og Baktus

Onsdag, 5 mars, 2014 klokka 18:00

Karius og Baktus - kjem snart til ei tann nær deg!

Alle kjenner vel Thorbjørn Egner si historie om Karius og Baktus, dei to tanntrolla som bor i munnen til stakkars Jens. Og det er litt synd på Jens, for det kan ikkje vere morosamt å ha to ivrige tanntroll i munnen som hakkar laus på tennene sine.

Men Jens har også litt skuld sjølv. Han er nemleg veldig glad i loff med sirup på, karameller og andre søtsaker. Og det er sjølvsagt Karius og Baktus også. Så korleis vil det gå med Jens? Og kva med Karius og Baktus?

Puss tanna og kom og finn det ut i Victoria Production si splitter nye oppsetning av Egner sin klassikar!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Vaksne kr 180,-
Born kr 160,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: