Karius og Baktus

Karius og Baktus. Illustrasjon.
Karius og Baktus. Illustrasjon.
Fredag, 30 oktober, 2015 klokka 18:00

Av Thorbjørn Egner Ikkje gjer som mora di seier! Gjer deg klar for besøk av to energiske små karar som tar innersvingen på både liten og stor. Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus – tru mot historia til Thorbjørn Egner og garantert godt barneteater.

Karius og Baktus er ein del av den moderne kulturarven vår, og historia om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande. Forteljinga dukka opp første gong i 1941, til fryd for mange og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen. Skremselspropaganda eller ei, Karius og Baktus har i over 70 år vist at dei har livets rett, ikkje minst takka vere dei rike illustrasjonane til Thorbjørn Egner, NRK-høyrespela og den kjende dokkefilmen til Ivo Caprino.

«En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes» VG (terningkast 5)

Gap opp! Passar for barn frå 3 år. Turnéstart i Vadsø 2. september 2015

Med Linda Tørklep, Christine Stoesen og Jan Huse. Av Thorbjørn Egner. Musikk Christian Hartmann. Regissør Arne Lindtner Næss. Scenograf Einar Dahl. Dokkedesignar Christine Stoesen. Lysdesignar Kristin Tunold-Hanssen.

Varigheit: 40 min. (ikkje pause)

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: