Ketil Kversøy med Jakob Sande

Ketil Kversøy. Pressebilete. Kjelde: Herøy Kulturhus
Ketil Kversøy. Pressebilete. Kjelde: Herøy Kulturhus
Fredag, 25 april, 2014 klokka 18:00

Ketil Kversøy med sine to musikarar besøker heile Sør-Noreg. Dei første tonane kjem smygande nesten som ei mild vårvind frå scena. Publikum rettar seg opp langs benkeradane og tonar strøymer ut i romet. Slik er ofte stemninga på ei verbal og musikalsk framsyning med Ketil Kversøy. Han veit korleis han får til eit kontaktskapande grep om sitt publikum. 

Ketil Kversøys Jacob Sande-prosjekt tar utgangspunkt i elleve av dikta til den folkekjære diktaren. Programmet har fått namnet ”Frå Sunnfjord til Rio”, noko som seier oss at sjø og hav er det tematiske bakteppet for konserten. For dei aller fleste songane har ein eller annan tilknyting til Sande si tid som førstereis, enten det gjeld kjærleikssorg, religiøse grubleriar eller ganske enkelt ulike situasjonsbilete frå livet til sjøs.

Men her er i også materiale frå Kversøy si eigen tid som førstereisgut og hans oppleving fra sjømannslivet, fint fletta saman med Sande si dikting og hans oppleving som sjømann. Det var kjærleikssorg som førte Jacob Sande ut på havet. Halldis Moren Vesaas ville ikkje ha han og dermed dro han av garde, forklarar Kversøy mens han fortel både om Sande og eigen oppleving frå sjømannslivet - både til havs og i land enten det er i Rotterdam eller Rio. Det er ikkje småtteri dei to, kvar på sin måte, har opplevd som sjøfolk!

Det er Ketil Kversøy som har satt all musikk til Sandes dikt og tonespråket er hundre prosent trufast mot den Sande-tradisjonen vi kjenner så godt. Det kling varmt og ekte frå scena. Upolert og fritt for fiksfakseri. ”Salme” blir eit av mange musikalske høgdepunkt. Det same med ” Bendik Båssmann”. Det brutale diktet – og songen - om båtsmannen som skal døy ute i Sør-Atlanteren og må vedkjenne sine synder før livet tar slutt. Kversøys fyldige og klare stemme kombinert med klangen frå trekkspill, piano, bass, fiolin og gitar gir assosiasjonar til både ”Husker du” og ”Ønskekonserten”. Det er ikkje rart at publikum stortrivast gong på gong.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: