Kjærleik er ei tåre...

Laurdag, 23 juni, 2012 klokka 19:30:00

Ein støttekonsert for 22.juli-fondet

Møt morgondagens stjerner i Kyrkjehola Kulturbeite si eigenproduserte forestilling Kjærleik er ei tåre. Billettinntektene frå denne konserten går uavkorta til 22. juli-fondet - som tilskot til finansieringa av eit minnesmerke over terrorofra. Slik ynskjer KKB å vise solidaritet med dei ramma, og bidra til gjenoppbyggingsprosjektet i vid forstand. Både konsert-tittelen og alt repertoar på konserten har éin gjennomgåandetematisk tråd med inspirasjon frå diktet Definiciones av meksikanske Josefa Murillo .

Utøvarane er ekstraordinære talent frå Møre og Romsdal og Trøndelag, og representerer stor sjangerbreidde frå klassisk, jazz, vise og musikal med meir. Medverkande er Oda K. Stenberg bandoneon, Kristina Malene Stavseng fiolin, Hallvard Steinhovden cello, Henrik Bondevik kontrabass, Sivert Blindheim piano, Jonas Hamre tenorsax, Jan Ivar Ekroll piano, Kristin Lundemo Overøye song, Stine Merethe Ulla song, Ingvild Sæther fiolin, Lars Marius Hølås bratsj

Musikalsk ansvarleg er Odd Johan Overøye.

Stad
Rosekyrkja
6250
STORDAL
Kommune: