Kjærleikens ferjereiser

Kjærleikens ferjereiser. Foto: Teatret Vårt.
Fredag, 19 september, 2014 klokka 18:00
Laurdag, 20 september, 2014 klokka 18:00

Ein av dei mest sentrale nynorskromanane gjennom tidene blir musikal!

Opplev den største oppsetjinga fra Sogn og Fjordane Teater nokon gong. Vi følgjer ein forfattars tankar tilbake til ei tid han for lengst er ferdig med. Til Ramvik, denne forblåste plassen som ingen nokon gong har høyrt om. Til eit samfunn som for lengst er forelda. Og menneske han knapt kan hugse. Men sjølvsagt hugsar han dei, når han tenkjer seg om. Han gjer jo det: forelskinga, festen, ferja, kjøkkenet, rutebilkaféen, hybelen, hotellet, regnet? Det helsikes regnet.
Kjærleikens ferjereiser blir ein fest for både auga og øyra, ikkje minst gjennom Henning Sommerros fantastiske musikk.

• Av: Edvard Hoem
• Komponist: Henning Sommerro
• Regi: Yngve Sundvor
• Scenografi: Bodil Bay Schultz
• Koreografi: Ingeleiv Berstad
• Lysdesign: Reidar Andreas Richardsen
• Medverkande: Gunhild Hjertaas, Fredrik Høstaker, Katrine L. Mackenzie, Terje Tjøme Mossige, Kyrre Eikås Ottersen, Kristin Søetorp, Lars Sørbø, Ståle Ytterli, Linda Øvrebø
• Musikarar: Harald Dahlstrøm, Trond G. Dale, Edvard Mjanger, Ole Thomsen

Stad
Teatret Vårt
Kommune: