Kjellen - Med Prostata Mot Stjernene

Kjellen - Med Prostata Mot Stjernene. Presseplakat.
v
Fredag, 23 september, 2016 klokka 21:00

Klypa presenterar: Kjellen - Med Prostata Mot Stjernene.

Thomas Ryste har i denne runda fått med seg den «steikje fine» Ørjan Liavåg som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope. -Å få jobbe med Klypa er først og fremst veldig artig, og humoren treff meg midt i sunnmørshjartet, seier Liavåg.

Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har vorte allemannseige landet rundt, og ein sikker vinnar i sosiale medier. Showa dreg fulle hus frå nord til sør, til glede for mange hundre tusen publikumarar. Over heile landet tar folk seg eit lite friminutt og ein god latter når Kjellen legg ut nye sprell på nettet.

I showet «Med Prostata Mot Stjernene» bør publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form!

Rett og slett Meeeeget oppegåande!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: