Klassisk kammer i vest

fotokjelde: herøy kulturhus
fotokjelde: herøy kulturhus
Søndag, 26 april, 2015 klokka 18:00

Audun Sandvik, cello - Sveinung Bjelland, klaver. Ein konsert i samarbeid med Gloppen Musikkfest – Sogn og Fjordane sin festival for klassisk musikk. Vi lagar til eit intimt konsertlokale med småbord og god stemning

Audun og Sveinung er aktive både som solomusikarar, kammermusikarar og pedagogar. Audun spelar også som solocellist i Kringkastingsorkesteret og Det Norske Kammerorkester samt underviser på Norges musikkhøgskule. Sveinung har hausta strålande krtikkar for sine konsertar og CD-innspelingar både nasjonalt og internasjonalt. Han er i dag professor i klaver ve Universitettet i Agder. Saman har dei to gjort ei rekkje konsertar gjennom mange år. 

 

Programmet til denne turneen er sett saman av det ein kallar kjernerepertoaret for cello og klaver. Publikum får både smektande vakker musikk, dramatikk og musikk som rommar dei store kjenslene. Dei har valt eit for musikarane teknisk og emosjonelt utfordrande repertoar. Men cellosonatane av Rachmaninov og Sjostakovitsj er også uendelig vakker og svært høyrevenleg musikk. Når utøvarane i tillegg har velutvikla evner til å kommunisere med publikum, både musikalsk og verbalt - skulle turneen ha alle mogelegheiter til å bli vellykka. Publikum er i dei beste hender og kan roleg setje seg ned og berre lytte. 

PROGRAM for konsertane:

Ludwig van Beethoven :  7 variasjoner over ” Bei Männern, welche Liebe fühlen” 

Sergei Rachmaninoff : Sonate for cello og klaver,  g-moll op. 19  (1901)  

Dmitri Sjostakovitsj :  Sonate for cello og klaver, d-moll op 40  

 

Audun Sandvik: solocellist i Kringkastingsorkestret og Det norske kammerorkester, tallrike oppdrag som cellosolist, kammermusiker, pedagog og orkestermusiker i inn- og utland. 

 

Sveinung Bjelland: Ein av Noregs fremste solistar og ettertrakta over heile Europa som akkompagnatør og solist. Har hausta strålande kritikkar i verdspressa for konsertar og cd-ane sine. Professor ved Universitetet i Agder. 

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: