Klassisk mattine med Ålesund k

Ai-Ling Chiu. Pressefoto.
Ai-Ling Chiu. Pressefoto.
Søndag, 15 juni, 2014 klokka 14:00

Fiolinsolist Ai-Ling Chiu
Dirigent Eva Ollikainen

Vi har valt å legge denne konserten til Vonheim på grunn av huset sin flotte akustikk. Dette saman med den intime atmosfæren vil gjere denne konserten til ei ekstra stor oppleving. Vi får høyre to verk, det eine av Richard Strauss og det andre av Peter Vasks.

I år er det 150 år sidan ein av musikkhistoriens mektigaste symfonikere, Richard Strauss, vart født. I det høve set Ålesund kammermusikkfestival opp ein av hans flottaste verk, «Metamorphosen» for 23 Solo Strykarar. Dette blir eit av hovedverka i årets festival. Det er eit mektig romantisk og virtuost verk med høg emosjonell intensitet og som stille store krav til individuelle ferdigheiter. Det andre hovedverket er «Vox Amoris» av Peteris Vasks. Han er Latvias mest kjende komponist, og ein av dei mest spelte nolevande komponistar  i verda i dag. Dette vakre og poetiske stykket er skreve for solo fiolin og strykeorkester. Ai-Ling Chiu vart introdusert for dette verket av Peter Vasks då ho besøkte Riga i 2011, og ser frem til endelig å framføre dette verket her.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 250,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Vonheim på Flø
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: